Vedunderleg vakker og vill

Mosneselva. Bs vil også i 2010 formidle midtuke kort i denne elven. Send en e-post til oss om du ønsker å være med på en felles bestilling.

(publisert mai 2009) se også rapport på forum fra de som besøkte elven i fjor.

I framhaldssoga om ukjende elvar i Hordaland er vi komne til andre bolken.  I fjor presenterte vi Bruelva i Kvam, og denne er framleis med som BS-elv.  I år har vi funne fram til ei elv i den andre ytterkanten av ”ekstrem-skalaen”…
For oss som set pris på å rusla elvelags, i håp om å lura ein laks eller sjøaure, er Hordaland eit fylke i bakleksa.  Stoda er kritisk for desse artane i store deler av fylket.  Men det finst framleis lyspunkt, med elvar som både held fisk og som gir fiskaren sterke naturopplevingar.  Ei av dei mest særeigne, og samstundes mest ukjende, lakseelvane i landet ligg faktisk i vårt eige fylke!
Å fiska denne elva er som ekstremsport å rekna.  Først er det sjølve reisa.  Om du ikkje kan eller vil ta sjøvegen har du framfor deg ein stri dagsmarsj over fjellet.  Og vel framkomen er det uforsvarleg å starta fisket utan grovkalibra utstyr, for elva er stri og held stor fisk.  Mat og overnatting lyt du ordna sjølv, for heile elvedalen er veglaus villmark utan fast busette.  Men det er framfor alt sjølve naturopplevinga som gjer denne fisketuren ekstrem:  Elva vart verna gjennom verneplan IV for vassdrag i 1993 og fekk nasjonalparkstatus heilt til sjøen i 2005.   Vi må nord for polarsirkelen for å finna andre elvar med tilsvarande vern!  Verdiane knytt til m.a. friluftsliv, landskap, geologi og kulturminne er svært store, og i kombinasjon med urørt natur frå fjøre til fonn framstår denne elvedalen som eit eineståande naturmonument.

Har du gjetta kvar vi er? 
Tittelen over er lånt frå den nye boka ”Folgefonna og fjordbygdene”, og vi er på sørsida av Folgefonnhalvøya.  Elva hentar smeltevatn frå Fonna, renn gjennom Londalen og munnar ut i Åkrafjorden på Mosnes.  Mange kjenner truleg Langfoss frå vegstrekninga mellom Etne og Odda.  Dette er ein av dei flottaste fossane i landet, og dreg merksemda vekk frå Mosnes på den andre sida av fjorden.  Her ligg det nokre hytter, enkelte eldre gardshus og ei fyrlykt.  Dei siste fastbuande flytta frå grenda på 60-talet etter fleire storflaumar som åt seg stadig nærare gardstuna.  Rett innanfor husa ved sjøen tek villmarka over.  Meir om nasjonalparken og om verneverdiane i området kan lesast på nettstaden Miljøstatus i Noreg, på NVE sine sider om verna vassdrag og i boka om Folgefonna.

Elva har eit nedbørsfelt på 94 km2 (om lag på storleik med Steinsdalselva i Norheimsund), men ein del av feltet er overført til Blåfalli i Kvinnherad i samband med kraftutbygging.  Laksen går om lag 2 km innover dalen, og dei fleste interessante hølane ligg nedst og øvst på det anadrome strekket.  Mesteparten av elva er storsteina og strid, og det kan til dels vera vanskeleg å føta seg langs elvebreidda.  Øvst ligg Lakshølen, som nærast er som eit lite vatn å rekna samanlikna med stryka nedanfor.  Men sjølv for ihuga laksefiskarar er det synd og skam å stogga turen her, for både dalen og elva er på mange vis flottare og meir variert lenger inne.  Naturopplevingane ventar rundt kvar sving for dei som tek seg tid til å rusla vidare innover dalen, langs stien som i tidlegare tider var vegen til omverda for avsidesliggjande smågardar og stølar under Fonna.
Mosneselva er mellom dei mest stabile lakseelvane i Hordaland, og gjev i eit normalår omlag 50 laks med ei snittvekt på 3 - 4 kg.  Storlaks er ikkje uvanleg.  Elva har også ein del sjøaure med snittvekt i underkant av 1 kg.  I 2008 vart fangsten 52 laks og 37 sjøaurar.  Samanlikna med Loen er talet på laks jamt høgare i Mosneselva, men snittvekta noko lågare. 

Og best av alt:  BS kan formidla fiske i Mosneselva denne sesongen! 
Vi er ikkje leigetakarar på tilsvarande måte som i dei andre elvane våre, men vi har fått høve til å formidla ledig fiske etter avtale med elveeigarane.  Dette gjer vi dels for å informera om eit spennande tilbod i vårt eige fylke, og dels for gjera elva lettare tilgjengeleg for fleire.

Nokre praktiske opplysningar:

  • Tilgjengeleg fiske er midtveke (måndag – torsdag) gjennom heile sesongen (1. Juli - 15. September).
  • Køyreturen tek om lag 3,5 time frå Bergen, enten via Odda og vestover på E76, eller via Stord og Sveio og austover forbi Etne.  Det finst ikkje offentleg kaiplass eller gode hamnetilhøve for båt.
  • Parkering på rasteplassen ved Langfoss eller ved bomstasjonen like innanfor.
  • Fjorden er om lag 700 m brei, og kajakk eller kano er ein veleigna måte å ta seg over på.  Hugs redningsvest, og at kryssinga kan vera tøff dersom det bles opp.  Båtskyss kan også tingast lokalt.
  • Overnatting i telt.
  • Pris 800 kr/døger.  Leigetakar disponerer (nesten) heile elva, og 2-4 stenger kan vera høveleg.  Fiske ovanfor lakseførande strekning er også inkludert!

Interesserte vender seg til BS innan 10. juni.

Dei av oss som vågar å gje seg i kast med storlaksen og villmarka kan sjå fram til ei intens naturoppleving!

Posted on January 26, 2010 .